– Eg synest det er litt skummelt
I rolla som Rødhette på Det Norske Teatret har skodespelar Ina Svenningdal (25) fått ei ny utfordring.
I NRK-serien Skam spelte ho den avslappa og artige Chris. I barne-tv-seriane Linus i svingen og Jul i Svingen hadde ho rolla som Åsa, den tøffe dottera til bygdas bilmekanikar.
No står Ina Svenningdal på scena som Rødhette i ein musikal som syr saman fleire kjende eventyr til ei heilt eiga forteljing. I Into the Woods er Rødhette både forteljar, hovudperson og songar.
– Det blir litt mykje, ler ho.
– Men eg tenkjer at det er ei fin og krevjande oppgåve. Samtidig står eg der på ingen måte åleine.
Ein barndomsdraum
Det å skulle snakke direkte til publikum som forteljar, blir nytt for henne, og eit spesielt ansvar for å trekkje publikum inn i forteljinga.
– Eg synest det er litt skummelt. Ofte har ein denne fjerde veggen, der ein innbiller seg at publikum ikkje finst. No må eg sjå publikum i augo og fortelje dei kva som skal skje.
Når familie, venner og sambuar kjem for å sjå førestillinga, sit dei ikkje nærare enn tiande rad, forklarer ho.
– Det kan kjennast trygt å ha dei der, men dei kjenner meg såpass godt at dei veit eg kan bli litt stressa og ukonsentrert viss eg ser dei godt i salen.
Svenningdal opplever rett som det er at folk ho ikkje kjenner, kjenner henne. I jula er det gjerne dei minste som seier «Åh, det er Åsa!». Så kjem sommaren, og då er det tjueåringane som kjenner ho att frå Skam.
– Eg har nok ikkje fått det største trykket. Folk kjem bort og pratar eller vil ta eit bilete, så seier dei takk og spring unna. Det er berre veldig hyggeleg, seier ho.
Ho trur ikkje at ho er i stand til å tenkje så mykje på sin eigen kjendisstatus.
Eg har berre lyst til å drive med det eg liker. Eg er ikkje på veg opp nokon stad; eg held meg godt på jorda.
Svenningdal vaks opp i eit multikulturelt miljø på Ammerud i Oslo, noko ho er takksam for i dag. Heilt sidan barndommen visste ho at ho ville drive med teater og film. Mora fann annonsar for ting ho kunne vere med på.
Les også: 235 atriumhus på Ammerud gir deg landsbykjensla i byen
– Eg har alltid vore sosial. Då eg var med på Linus i svingen, møtte eg så mange nye folk, det var kjempegøy. Eg fekk lyst til å gjere dette resten av livet, fortel ho.
Seinare fekk ho vere med på musikalar, mellom anna Les Miserables på Lillestrøm kulturhus. Med Skam tok det verkeleg av.
Det var ein rar ting. Skam var eit prøveprosjekt, der NRK skulle forsøke å nå unge gjennom ein nettserie. Men omtrent over natta vart det så stort, seier ho.
Ho trur at den erfaringa gjorde det lettare for henne å halde fram som skodespelar.
– Men samtidig trur eg også at eg hadde klart å kjempe meg ein veg inn i teateret utan. Eg har ønska dette sidan eg var lita.
I 2020 fekk Svenningdal jobb på Det Norske Teatret. Men ho er framleis open og nysgjerrig på nye moglegheiter, fortel ho.
– No er eg glad for å vere på teateret og kjenne på korleis teaterlivet er utan koronarestriksjonar. Men eg har absolutt lyst å filme igjen.
Før ho fekk jobben, gjekk ho tre år på Teaterhøgskolen. Det trur ho var lurt.
– Der lærte eg arbeidsdisiplin. Ein treng ganske mykje tolmod som skodespelar, som i desse dagar, når vi har prøver på dagtid og førestillingar på kvelden. Då blir det nokre lange dagar.
I forteljinga ser vi at ein må passe på kva ein ønskjer seg, for viss ein får det, er det kanskje ikkje det ein drøymde om likevel. Ein kan leve lenge i eit eventyr i sitt eige hovud. Men til slutt må ein vekse opp.
Ina Svenningdal om Into the Woods
Livet som vaksen
Into the Woods har blitt spelt på fleire teaterscener rundt om i verda. Musikalen er også filmatisert.
Svenningdal skildrar Rødhette som ein tøff og lur karakter. Ho er ikkje spesielt redd for ulven, ho synest heller at han er interessant og spennande. Ulven i førestillinga er dessutan ikkje ein ordentleg ulv, men ein mann som tuslar rundt i skogen og er interessert i 14 år gamle Rødhette.
For å vise at Rødhette er uredd, må Svenningdal våge å ta plass på scena.
– Teater og film er to ulike format. På scena må kjensler vere større og sterkare, forklarer 25-åringen.
I botnen handlar førestillinga om Rødhette sin veg til vaksenlivet. Svenningdal trur at både vaksne og eldre barn kan ha glede av å sjå ho.
– I forteljinga ser vi at ein må passe på kva ein ønskjer seg, for viss ein får det, er det kanskje ikkje det ein drøymde om likevel. Ein kan leve lenge i eit eventyr i sitt eige hovud. Men til slutt må ein vekse opp.