Bjellas univers
– Vi må sjå det store der vi er og alltid prøve å gjere ting rundt oss litt betre. Då kan vi få gode dagar, meiner Stein Torleif Bjella.
Artist og låtskrivar Stein Torleif Bjella (56) er ofte på farten; i bilen mellom Ål og Oslo, eller på turné over det ganske land. Men han har éin favorittaktivitet.
– Eg lengtar alltid etter å skrive.
Roa finn han heime i Ål. Der står han opp halv sju, slepper ut hestane, så katten, så hunden. Så et han frukost med kona. Så går kona på jobb.
Då set han seg på kjøkkenet med penn, papir, PC og gitar.
Snekring og poesi
Det var med plata «Heidersmenn» frå 2009 at Bjella slo igjennom som soloartist. Før det hadde han jobba som journalist, pleieassistent, korrekturlesar, musikar, snekkar og dørseljar.
Han overtok farens dørselskap då han døydde i 1991 og dreiv dette nokre år, før han selde det og begynte som snekkar.
– Eg er glad i å snekre og lage ting, men eg er like glad i poesi. Begge deler er avgjerande storleikar, smiler han.
Faren var byggmeister og mora meieriarbeidar. Begge var glade i musikk; mor på dansegolvet og far som lyttar.
Sjølv kjøpte Bjella gitar for konfirmasjonspengane. Skrivinga kom litt seinare.
– Eg hugsar at gommo, bestemor mi, ein gong sa at om eg skulle skrive godt, måtte eg tenkje godt først.
Råda frå kunsten
Det rådet tok han med seg då han med tida vart fulltids visesongar og låtskrivar. I 2011 fekk han Spellemannsprisen for albumet «Vonde visu».
Sidan har det blitt både fleire plater, teaterstykke og prisar. Ei diktsamling og ein roman har han også skrive. Romanen «Fiskehuset» har blitt omsett til sju språk.
– Når du les bøker, gjer du jo ofte dette fordi du leitar etter livsråd. Sånn er det med skriving også. Inni det eg driv med, finst det kunnskap som eg kan bruke i livet.
Bjella har skrive om tema som einsemd, kjærleik og trøblete tankar. Ofte piplar humoren inn. Det same gjer Ål, som Bjella flytta tilbake til for godt i slutten av tjueåra etter nokre år i Oslo.
Universet Ål
Inspirasjonen hentar han frå folk han møter, musikk og litteratur. Det var til dømes filosofen Henry David Thoreau og diktaren Olav H. Hauge som inspirerte han til å skrive delar av teksten til songen «Tvangsgutan kompani»:
Eg lengta ut so ville eg heim.
Local is the universe, sa ein.
So eg gjekk burt vegen for å sjå
det store i det små.
– Vi må sjå det store der vi er. Viss vi heile tida prøver å gjere ting rundt oss litt betre, trur eg vi får gode dagar, seier Bjella.
Sjølv ser han stadig nye sider ved bygdelivet i Ål.
– Det kjennest som om eg oppdagar heimbygda heile tida: i naturen, på bygdearkivet, på kulturhuset, hos folk og i meg sjølv.
Frå ord til alvor
Mykje av det han skriv, tar utgangspunkt i andre. Men det handlar alltid om han sjølv òg, forklarer han.
– Songen «Heidersmenn» handlar for eksempel om ein annan. Likevel fell det tilbake på meg til slutt, fordi det er noko hos den personen som opptar meg og som eg vil fortelje om.
Heidersmannen i Bjella sin songtekst lever godt heime hos mora, heilt til ho ein dag forlèt han. Om ho døyr eller reiser, er ope, både for lyttaren og Bjella.
– Når eg skriv, prøver eg å la orda styre korleis det blir. Ofte er det heile temmeleg ureflektert i starten, kanskje berre intuitivt. Å dikte er jo på eit vis som å vere i ein draum. Men til slutt blir det ramme alvor.
I skrivinga forsøker han å tydeleggjere livet, forklarer han.
– Nokon gonger gjer eg livet styggare enn det er. Andre gonger blir det vakrare.
– Blir det du skriv, sant for deg?
Ja. Eg diktar i veg, men det blir sant for meg.