Hopp til innhold
Opplevelser og kultur
  1. Forside
  2. Temasider
  3. Opplevelser og kultur
  4. – Eg er van med at min eksistens gjev reaksjonar

– Eg er van med at min eksistens gjev reaksjonar

Då det blei kjent at Jae Nyamburah har hovudrolla i «Hedda Gabler» på Det Norske Teatret, fekk ho både takkeord og trugslar.

Jae Nyamburah har på seg en brun genser og oransje bukse, solbriller med rødt glass. Hun sitter i en sofa og holder hånden under haka.

Det begynte med at ei avis siterte skodespelaren på at «jeg tar stor plass, og det provoserer mange».

I sosiale media vart Jae Nyamburah skulda for å vere islamist. Og dessutan: Visste ho i det heile tatt kven Henrik Ibsen eller Hedda Gabler var?

Private meldingar fekk ho òg – mange var gode ønske, takkeord og helsingar, men nokon var trugslar.

– Eg er van med at min eksistens gjev reaksjonar. Idet eg går ut døra, er eg ein politisk statement, anten eg vil eller ikkje, seier ho og held fram:

Dette er ei side av å vere melaninrik, skeiv, kvinneleg kunstnar i Noreg, som folk ikkje tenkjer over. Men eg har lært å velje kampane mine.

Kjøp billettar til framsyningar ved Det Norske Teatret med OBOS-rabatt

Jae Nyamburah står under en hvit virveltrapp og lener seg mot to skulpturer.

Jae Nyamburah liker rollefiguren Hedda. – Ho er direkte og gjev blaffen i all fasade-bullshit. Eg kan kjenne meg att i det, seier ho.

Jae Nyamburah har på seg en brun genser og oransje bukse, solbriller med rødt glass. Hun sitter i en sofa og holder hånden under haka.

Heilt sidan ho var lita, har ho ønska å drive med kunst. Ho sette opp sitt første teaterstykke i barnehagen.

Jae Nymaburah sitter i en hvit virveltrapp.

Jae Nyamburah har mykje energi og blir lett lidenskapeleg når ho snakkar. – Men eg blir fort kalla den sinte, høglydte, svarte kvinna, seier ho.

Blir lett lidenskapeleg

I fleire år hadde Hedda Gabler vore drøymerolla hennar. Lenge våga ho ikkje å seie det høgt av redsle for at det aldri ville skje.

Men så ein dag fortalde ho kollegaene sine at ho kjende seg att i Hedda, kvinna som giftar seg med ein ho ikkje elskar, og som raskt finn seg i ein situasjon der ho ikkje får vere seg sjølv.

– Eg kjenner att det å vere innestengt, i eit glashus, utan å våge å røre på meg. Eg er har mykje energi i meg og blir lett lidenskapeleg når eg snakkar. Men eg blir fort kalla den sinte, høglydte, svarte kvinna.

Eit teaterstykke om sola

Nyamburah er fødd i Kenya og vaks opp på Hauketo i Oslo. Som seksåring tok ho initiativ til å setje opp eit teaterstykke i barnehagen: «Mr. Sun», kalla ho det.

Stykket handla om ei gruppe solsikker som tok affære og laga ein song til sola då regnet øsa ned. Vaksne som ville sjå stykket, måtte betale med klinkekuler for å få sleppe inn.

– Eg visste allereie då at eg likte kunst.

Far hennar har doktorgrad i juss og mora er psykiatrisk sjukepleiar. Men begge er kulturinteresserte, og då Nyamburah som 15-åring fortalde faren at ho ville bli kunstnar, oppmoda han henne til å setje seg inn i ulike delar av bransjen.

På vidaregåande skreiv ho manuset til skulerevyen, og dei neste åra jobba ho med både musikk, koreografi og fotografi. Slik fekk ho verktøy å ta med seg vidare.

OBOS-medlem? Få rabatt på ei rekke kulturopplevingar

Kunst har alltid inspirert meg. Eg håper at eg også kan inspirere andre, uansett kvar dei er i livet.
Jae Nyamburah sitter i en hvit trapp og lener seg inn mot rekkverket.

Ein konsekvens av omstenda sine

I dag skriv ho dramatikk på dagtid. Om kvelden trer ho inn i rolla som Hedda, som i starten er tilsynelatande lykkeleg, før sjalusien og frustrasjonen gradvis festar grepet.

I oppsetjinga held Hedda og ektemannen til i eit glashus på scena. Skodespelarane blir filma, og filmen blir direktesendt for publikum på eit lerret som dekker husets andre etasje – eit grep regissør Kjersti Horn har blitt kjent for.

Nyamburah har lese teaterstykket over 150 gonger.

– Kvar gong eg les, lærer eg noko nytt. Det eg synest er trist, er at Hedda ofte blir portrettert som ein demonisk djevel. Sjølv trur eg at ho berre er ein konsekvens av omstenda sine.

Til skilnad frå mange andre, liker Jae Nyamburah Hedda Gabler.

– Ho er kul og tøff, men sensitiv, søkande og sårbar. Ho er direkte og gjev eigentleg blaffen i all fasade-bullshit. Eg kan kjenne meg att i det.

Les også: Regissør Kjersti Horn veit aldri kva ho ønskjer å seie med eit teaterstykke

Portrett av Jae Nyamburah i en trapp

Lenge våga ho ikkje å seie at Hedda i «Hedda Gabler» var drøymerolla hennar. No er draumen oppfylt. – Kunst har alltid inspirert meg. Eg håper at eg også kan inspirere andre, uansett kvar dei er i livet, seier Nyamburah.

Eit stykke om menneske og makt

Det Norske Teatret har lagt handlinga til 1980-talet. Ibsen skreiv opphaveleg stykket i 1890. Nyamburah kallar det eit tidlaust meisterverk.

– Vi følgjer originalmanuset til Henrik Ibsen så godt vi kan, utan kutt, og med nynorsk språkdrakt, seier ho.

Ho trur at Hedda Gabler kan lære oss fleire ting i dag.

– Stykket lærer oss at vala vi tar, har konsekvensar. At det finst meir i livet enn å oppnå ein status.

Det handlar også om den store kjærleiken, og om makt, legg ho til.

– Ein av bodskapane, slik eg ser det, er at vi menneske ønskjer å ha makta over oss sjølve.

Poenget med kunsten

Jae Nyamburah elskar jobben sin. Ho elskar å gå inn i ei rolle, lese side opp og side ned – sjølv om det er hardt arbeid. Om ho samtidig kan vere med å påverke, er det eit pluss, synest ho.

– Kunst har alltid inspirert meg. Eg håper at eg også kan inspirere andre, uansett kvar dei er i livet.

Det er jo det som er poenget med kunst og kulturinstitusjonar, meiner ho: å utfordre, inspirere og opne for diskusjonar.

– På sitt beste trur eg at kunsten kan både endre og redde liva til menneske.

Sjå alle medlemsfordeler innen kultur og teater

  • Silje Pileberg: Tekst
  • Einar Aslaksen: Foto

Publisert:

Sist endret:

Relaterte artikler

  • Operaen + OBOS = sant

    Opplevelser og kultur

    Når Operaen og OBOS feirer 25 års samarbeid, kommer det selvsagt medlemmene til gode. Det er fordi vi tror på at en by med et rikt kulturliv er et godt sted å bo.

  • – Jeg hadde en enorm trang til å føle meg fri

    Opplevelser og kultur

    En hendelse i 2014 gjorde at livet aldri ble det samme for fiolinisten Catharina Chen.

  • Den sterke stemmen fra Vikersund

    Opplevelser og kultur

    En del av minnene er vonde, som feminin gutt på bygda var den kalde skulderen sjeldent langt unna. Nå synger Nils Bech om homofil kjærlighet for hele Norge.