– For å lage god kunst, må flest mogleg perspektiv bli høyrde
Regissør Kjersti Horn (46) veit aldri kva ho ønskjer å seie med eit teaterstykke. For henne er det noko anna som er viktigare.
- Tekst Silje Pileberg
- Foto Lars Petter Pettersen
Den gongen Kjersti Horn forstod at ho ville lage teater, var ho midt i ein av dei store nedturane i livet. Ho var 19 år og hadde avbrote eit år på folkehøgskule fordi ho ikkje lenger klarte å gå: Begge hoftene måtte bytast ut, noko som betydde fleire månader på sjukehus.
Mor hennar, skodespelar Ellen Horn, hadde gitt henne ein bunke manus å lese på. Eitt av dei var «Shopping and fucking», eit teaterstykke frå 1990-talet om unge menneske som desperat prøver å knyte band til samfunnet, utan å få det til.
Kjersti Horn las. Kjende att kjensla av utanforskap. Og enda vondare: tanken om å vere verdt mindre enn andre. Så kjende ho ei slags brennande kraft.
Halvanna år seinare hadde ho sett opp sitt første teaterstykke på kaféscena på Centralteatret. «Shopping and fucking» vart ein suksess.
– Det var ei openberring: Det eg ikkje klarte å finne språk for i mitt eige liv, kunne eg snakke med andre om via teateret, seier ho.
OBOS-medlem? Få rabatt på flere kultur- og teateropplevelser →
Ein arena for å vere sårbar
Tjuefem år seinare søkjer Horn framleis dei kollektive samtalane. Ho har over 50 produksjonar bak seg men veit sjeldan kva ho vil formidle.
I staden tenkjer ho på teateret som ein pågåande samtale.
– I starten vel du ut ein tekst. Så inviterer du folk inn. Så eltar du teksten, saman med ulike kunstnarar. Klarer du å bevare denne samtalen heilt til siste slutt, blir teateret eit demokratisk verktøy; ein arena for å vere sårbare saman.
Du kan ikkje berre klikke deg vidare, poengterer ho. Du må vere i det, anten det gjeld vald i nære relasjonar, justismord eller rasisme – alle tema som Horn har vore innom i sine stykke.
– Vi treng ikkje finne noko svar. Vi må berre ha ein vilje og ei tru på at vi kan kome nærare noko som gjer at vi kan leve saman på ein betre måte.
Les også: Mimmi Tamba spiller Elsa i «Frost» på Det Norske Teatret →
Litt betre enn normalen
Med ein far som var scenograf og ei mor som var skodespelar, var teateret aldri langt unna.
Alt som treåring sat ho i salen og såg på førestillingar. Seinare gjorde ho leksene sine i kantina på Oslo Nye Teater, medan ho venta på faren.
– Men eg skulle eigentleg ikkje jobbe med teater.
![](https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=949&q=90&w=750&s=62eeb8a71c32f1ad7441414969c90f71 750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1203&q=90&w=950&s=c0593ed3717846ed7db5770f1f083b69 950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1456&q=90&w=1150&s=e87eb961ea6c97ff94a7eadf0e346ace 1150w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1709&q=90&w=1350&s=a896966547c1848e5558b619ce68f6c7 1350w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1962&q=90&w=1550&s=42a4d474e94042a928c85058077b0081 1550w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2215&q=90&w=1750&s=23be4d8599869c0f176c4138c156d703 1750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2468&q=90&w=1950&s=39ae902df2248805388916ffbe2b154a 1950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0488-bw-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2532&q=90&w=2000&s=8e9c624cf76ed6c6e3af1a5a11b43fde 2000w)
Som lita tenkte ho at omtrent alle på eit teater er skodespelarar, og der fanst det ikkje rom for kroppar som avveik frå normalen.
– Ser du på skodespelarar, vil du nok sjå at dei er litt avvikande likevel: at dei er bitelitt betre enn normalen. Dei er veldig eksponerte, og presset er stort. Dessverre, seier Horn.
Sjølv er ho fødd med ein sjeldan skjelettsjukdom. Foreldra såg det med det same ho kom ut av magen, at kroppen hadde vakse meir enn skjelettet. Ho var mindre og tjukkare enn andre babyar.
Sjukdomen skulle føre til fleire store operasjonar, lange periodar med skuleundervising i sjukesenga og ei vedvarande kjensle av at ho var mindre verdt enn andre.
Feiring og fest
Men mykje var moro, òg, som heime hos pappa Per Kristian Horn. Der var det katt, hund, fiskar og fuglebur i garasjen. Veslesøstera Emilie Christensen hadde ikkje same far men var ofte på besøk. Det var gøy å få vere saman med Kjersti og vennene, om dei laga film eller stod på badet og song med tannkostane sine.
Nokre gonger når dei var ute fekk Christensen høyre at ho var flink som tok med veslebroren sin på tur. Då lo ho berre. Ho var stolt av søstera si.
– Eg var privilegert som vaks opp i ein familie det fanst ein plass til meg.
![](https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=613&q=90&w=500&s=3ba59a3e89c686976fa4be3c86991c77 500w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=858&q=90&w=700&s=cc52b65229a99f63628413bfba8668ce 700w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1104&q=90&w=900&s=7a14fdf64e3e7b47d36a9b549ab96bc9 900w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1349&q=90&w=1100&s=b10a6cbdd0024cbce45ff3bbb4c17aef 1100w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1594&q=90&w=1300&s=da106c81c9c706ed971ba03f0bde14ae 1300w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/obos-portrettet-kjersti-horn-04.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1840&q=90&w=1500&s=82db14a3824c2bdf08c2a7a9b0b1a955 1500w)
– Gjennom åra har eg blitt langt mindre redd som regissør. Eg føler meg trygg på at vi kjem i hamn. Men no vart eg litt redd igjen, når eg skal bli teatersjef,
Eit meir inkluderande teater
Ved å få born, vart Horn del av eit foreldrefellesskap. Samtidig kallar ho seg eit støymoment: Ho var jo ei mor som ikkje nådde opp til barnehageporten, som framleis gruer seg til foreldremøte og som kan ta med sonen sin til legen og få spørsmålet: «Og du, kven er du?»
Det var utanforskapet som ga henne eit puff den gongen i sjukesenga. Seinare har det vore eit gjennomgangstema i arbeidet hennar. Men slik er det ikkje for alle. Dei erfaringane fysiske hindringar gjev, blir ikkje tekne vare på i samfunnet, meiner ho.
– Frå du er liten lærer du å gjere så lite trøbbel av det som mogleg. Det fører til at vi manglar eit språk for det. Mi eiga gruppe er nesten heilt ekskludert frå scenekunstfeltet og også frå samfunnet elles.
![](https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=968&q=90&w=750&s=9314fce82f77a4be448889cdd32c89be 750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1226&q=90&w=950&s=575376a64fa698a3be226f04ee9cc5fb 950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1484&q=90&w=1150&s=afa6fc1f7a55324bd4971a50b2de9728 1150w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1742&q=90&w=1350&s=f3764ab7c008b14105a77e44942f3fa5 1350w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2000&q=90&w=1550&s=01b7c4d452e5879be9b9ce9720da75f8 1550w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2258&q=90&w=1750&s=3eba74f3b0437b14927cdf4c6a651327 1750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2516&q=90&w=1950&s=4a0ab298223e30505b12bc854764b676 1950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0522-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2580&q=90&w=2000&s=5cdbb47d658c6a4385ed7033ac52cc06 2000w)
Som påtroppande teatersjef ved Det Norske Teatret, prøver Horn å finne ut korleis teatera kan bli meir inkluderande. Ein del er blitt gjort, men meir kan gjerast, og det handlar både om billettprisar og rekruttering, ifølgje Horn.
– Kven jobbar i snekkar-avdelinga? Kven jobbar i marknadsavdelinga? Kven legg premissane? For å lage god kunst, må flest mogleg perspektiv bli høyrde. Men då må ein kjenne at ein høyrer til.
Ho meiner at det er vanskeleg å kome innanfor.
– Men historisk har teateret vore ein heim for mange som har følt at dei ikkje har høyrt til nokon annan stad. Skeive, for eksempel. Det er ein stolt arv.
Samtalen skal halde fram
Kjersti Horn er djupt interessert i korleis teateret kan organiserast betre for å leggje til rette for gode kunstnariske prosessar. Blant regissørar meiner ho å sjå eit generasjonsskifte, frå ein hierarkisk til ein meir kollektiv leiarstil.
– Men det finst framleis ein lengsel etter eit mannleg geni som skal kome og refse over alle og seie korleis ting skal vere. Sjølv trur eg ikkje på det. Det såkalla geniet er ein folk er redd for, slik at dei gjer eksakt det han seier.
Horn ønskjer heller å kome tett på dei ho jobbar med – forstå kven dei er, kva dei føler. Ha dei med i prosessen, eit ord ho set høgt.
![](https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1000&q=90&w=750&s=9b76101d84ecf971e8bd233b08e078f6 750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1267&q=90&w=950&s=94eb7fb8a9c63d5547a3e43ffa0fbfaa 950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1534&q=90&w=1150&s=3f20ab328b4109f36ef9137daaab6ab1 1150w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=1800&q=90&w=1350&s=9b75870052264bbec6998b82312989f5 1350w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2067&q=90&w=1550&s=ed4ba5435c247da1420f7127b516557d 1550w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2334&q=90&w=1750&s=13845ca85e48a45a5dc309e794497640 1750w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2600&q=90&w=1950&s=41a1a183e6ad6b7984bb39168f2e08e5 1950w, https://mellom-husene.imgix.net/Folk/Portrettet/kjersti-horn/Obos_Horn_220923_0541-1.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&cs=srgb&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=2667&q=90&w=2000&s=ebc6c5b253770788eb310aa24dca95db 2000w)
Regissøren veit at ho som teatersjef vil få ord som budsjett, pengar og rammer tettare på.
– Dei siste tiåra har ein tenkt at teateret er eit produkt, ei vare som skal seljast. Men teateret er noko anna! Målet er jo at samtalen skal halde fram også etter at førestillinga er over.
Ho opplever at jobben ber med seg eit enormt ansvar.
– Korleis skal eg klare å unngå å bli fanga av det andre, som også følgjer med det ansvaret? Det står att å sjå.